Våre enkle kjøpsvilkår:

Du kan velje å betale med Klarna faktura, Klarna konto, Visa-kort, Mastercard-kort,  eller få pakka tilsendt i oppkrav, alt utan gebyr.
Varene kan og hentast på vårt lager/butikk etter avtale.
Ingen fraktkostnad eller gebyr blir belasta kunden.
Frakt- og gebyrfritt gjeld ved kjøp over kr. 900,-.  På bestillingar under kr 900,-, må me desverre legge til fraktkostnad på kr. 60,-.
Angrar du kjøpet, gjeld norsk lov om angrefrist, 14 dagar.  Vara må leverast tilbake i tilnærma ny tilstand, med alt tilbehøyr og i originalemballasje.  Returkostnader betalast av kunden.
Ved uavhenta pakker, vil kunde bli fakturert for alle fraktkostnader.
Om det er feil eller manglar ved vara, må du ta kontakt med oss snarast mogeleg.  Bruk e-post:  terje@symaskiner.no eller tlf.: 47 63 05 26  kl. 08 - 22.00.
NB! Symaskiner som sendast til oss, må sendast i originalembalasje med all isopor, om det er reklamasjon el. vanleg service, dette for å unngå transportskader.  Pakkene fær hard behandling under transport. 
 

365 dagers bytterett på symaskiner*

Me ynskjer at du skal vera fornøgd med ditt symaskinkjøp hjå symaskiner.no, og at du får den symaskina som passar deg best. Du får derfor 365 dagers bytterett på symaskiner med følgjande vilkår: 

* Maskinen må vera kjøpt på vår nettbutikk www.symaskiner.no., el. i vår butikk.  
* Bytteretten gjeld for maskiner opp til 20.000 NOK.
* Første kjøpte maskin kan vera kjøpt på tilbod, men på ny byttemaskin gjeld kun veiledande prisar. Du betalar differansen mellom dette ved bytte til ny maskin.  
* Kunden betalar returfrakt til oss. Transportrisiko på retur er kunden sitt ansvar til maskina er motteke på vårt lager.  
* Me hentar ikkje ut maskiner som blir sendt til oss i postoppkrav.  
* Maskina må returnerast forsvarleg pakka i orginal emballasje med all isopor.  
* Alt standarutstyr og instruksjonsbok må følgje med.  
* Kopi av faktura må leggast med.  
* Maskina må vera uskadd og fungere 100%.  
* Ved bytte av enkeltmaskiner kjøpt i "pakketilbod" vil maskinprisen bli rekna utifrå %-vis fordeling av totalrabatten på pakka.  
* Du kan kun bytte til ei dyrare maskin.  
* Me tek eit behandlingsgebyr på kr. 600,- pr. bytte. Dette dekkjer sjekk av den returnerte maskina og tilbehøyr og frakt på ny maskin til kunde.  
* Evt skader/manglar på den gamle maskina blir belasta kunden (eks. slitasjedelar som spolehus, stingplate, knivar på overlock osv, som ikkje går på garanti, samt manglande standardutstyr som følgde med ved kjøp). 
* Bytteretten gjeld kun for kjøp av privatpersonar.
* Ynskjer du å bytte til dyrare maskin fleire gonger, er det datoen for første kjøp som gjeld.

* Ny maskin bestiller og betalar du i nettbutikken. Me korrigerer faktura/kortbelastning ved mottak av byttemaskina (om den nye maskina er på tilbod, vil prisen bli korrigert til veiledande pris).  I meldingsfeltet under bestillingen må du skrive at du benyttar deg av 365 dagars bytterett.